19
9. mai 1996

Leiar: Hysj!
På slutten av 70-talet oppdaga ein telemontør i Trondheim ei underleg kopling i ein av Televerkets sentralar. Alt tyda på at koplinga var eit tiltak for å drive telefonavlytting av ein politisk aktivist i Trondheim. Telefonlinja høyrde til ein person som var politisk aktiv på venstresida.

Tyrkia: Byen ved Bosporus
"Den Fremmede bør først af alt i Constantinopel besøge Bazarerne," skreiv H.C. Andersen i 1842. Den store byen Istanbul har framleis ei spesiell utstråling, med den blømande handelen, det myldrande folkelivet og den spennande historia.

På tomannshand: "Jazz er ein slags sigøynarmusikk"
For tusen år sia måtte eit aristokratisk og krigersk kunstnarfolk bryte opp frå områda sine i Rajasthan i Nord-India. Minst to blodige åtak frå islamske sjøfolk spreidde folkegruppa ut over kloten.
For tjue år sia gjekk 17-åringen Jon Larsen opp på scena og debuterte som musikar i viseklubben "Hades" på Høvikodden. Samanhengen mellom kunstnarfolket i Rajasthan og Jon Larsen er lett å finne. Men kva i all verda gjer Salvador Dali og Rolf Stenersen i denne historia?

Essay: Siselert og sleivete tale
Peter Laugesen skriv for all del ikkje tilfeldig og ugjennomarbeidd. Det er gjennomtenkt og stor poesi vi har med å gjere hos Laugesen, og ein slik poesi kan ha spenninga eller krafta si gøymd i det uryddige og sprikande, eller i det reine, uspjåka, enkle og kraftfulle, skriv Atle Christiansen.

Bokmelding: I livskrisas malstraum
Einar O. Risa har med Ring levert ein roman som tar den mannlege 40-åringens krise på alvor, skriv Oddmund Hagen.

Bokmelding: Også eit påfunn
Eg kan ikkje fri meg frå ein viss fascinasjon for denne vesle, poetiske boka, som etterlet dette ganske fredsæle inntrykk av ein klode med stillfarne, ufarlege onanistar, skriv Halvor Fosli.

Herbjørn Sørebø: Synspunkt

Elles i nr. 19:
Etnisk reinsing i Noreg
Krafttak mot regjeringa
Ynkeleg norsk haldning til atomvåpen
Mytar og masker
Le Monde: Wei Jingsheng, fangen i Tangshan
Nynorsk kryssord og litterær oppgåve
Språkspalta: Fasar og fasettar i Sogn