Dag og Tid nr. 13, 28. mars 1996

På tomannshand:
Med sans for dei gamle,
på jakt etter dei nye

Det er som i kantina til vinnarlaget : dagen etter cupfinalen. Til og med utanforståande kjenner ei god stemning. Sigeren sit på ein måte i veggene. Vidar Sandem (49) har fått den jobben han ønskte seg. Teaterfolk flest har fått den sjefen dei ville ha.

OTTAR FYLLINGSNES

Me finn oss ein krok nedst ved døra i teaterkantina. Førebels er det berre "Peer Gynt" : Paul-Ottar Haga : som duppar i ei avis over eit bord. Sandem hentar kaffi og vaffel. Litt etter litt livnar det til over kaffikoppane. Den påtroppande helser på alle som stikk hovudet innom. Han kjenner dei alle. Dei som ikkje alt har gratulert, gjer det. Stein Winge er blant dei som siglar inn gjennom døra.

- Gratulerer!

Med eit breitt smil lukkønskjer den tidlegare teatersjefen på Nationaltheatret den påtroppande på Det Norske. Når Winge ikkje er på vengjene kloten rundt, kan han ha behov for å gjera noko stort, svært og blodig. Og då gjer han det ofte på Det Norske Teatret.

- Takk, takk, seier mannen med kursen for sjefsstolen.

- Dette vert farleg, brummar Winge.

- Ja, dette vert farleg, ler Vidar Sandem. Teaterstafettfleipen går vidare til kantinebordet bak oss. Kanskje er Winge redd for at han ikkje skal få arbeid på Det Norske?

Den tidlegare teatersjefen seier eit eller anna om eigenerfaring idet han forsvinn inn mellom kantineborda.

- Du har heile Europa, du Stein! repliserer Vidar Sandem.

Korkje Det Norske Teatret eller Nationaltheatret kan rosa seg av å ha hatt særleg mange strålande nye norske teaterstykke på programmet det siste året. Nationaltheatret møter stadig hausten med den årvisse Ibsenfestivalen. Denne hausten svarar Det Norske med å setja opp "Hedda Gabler". Premieren finn stad to dagar før startskotet på Ibsenfestivalen. Stein Winge er oppført som instruktør. Her luktar det både konkurranse og spark til Nationaltheatret.

Vidar Sandem smiler når eg konfronterer han med denne medvitne kollisjonen. Den påtroppande teatersjefen ønskjer ikkje å kommentera trekket.

Teatersjefar er gjerne i vinden. Somme av dei bles vekk fortare enn andre. Dei fleste kjenner Stein Winges ublide lagnad som teatersjef på Nationaltheatret. Det er neppe særleg lettare å halda orden på pengane og dei 250 tilsette på Det Norske. Snubletrådane er mange.

Likevel : Vidar Sandem gler seg til å ta fatt. Han har tid nok til å førebu seg. Først 15. august neste år skal han ta over etter dagens teatersjef, Otto Homlung. Paradoksalt nok skal ein teatersjef frå ¯stfold ta over for ein teatersjef frå Frogner på nynorskteatret.

Vidar Sandem har vore scenearbeidar, skodespelar, dramatikar og tillitsvald ved Det Norske. Han har medverka i ei rekkje filmar, fjernsyns- og radioteaterproduksjonar. Han har vore nestleiar i Norsk Skuespillerforbund, og i seks år har han sete som styremedlem i Det Norske Teatret.

Han har skrive elleve teaterstykke. I 1972 kjøpte Oslo Nye Sandems første stykke, men det vart aldri sett opp der. "Leker vi leker" vart seinare oppført på Club 7, og der fekk Sandem også oppført ein einaktar. Det neste stykket, "Straffe", kom først i 1988. Det tok for seg fotball-hooligans. Sandem prøvde å gje ei forklaring på kvifor dei gjorde som dei gjorde, dei som hadde fotballen som den einaste verdien i livet.

Den påtroppande teatersjefen vedgår at han er fotballinteressert. Merkeleg nok er det Molde som er favorittklubben. Sandem har hytte i Molde-traktene, og patriotismen heng saman med hyttelivet og sonen på fjorten år. Båe finn dei stor glede i fotballen og Molde fotballklubb. Sandem frå ¯stfold er ikkje den typiske målmannen, men har ei fortid som målmann for Båstad i 5. divisjon.

Vidar Sandem byrja med å skriva samtidsdramatikk, men etter kvart gjekk han tilbake til halvt gløymde kunstnarar. Den eine etter den andre vart trekt fram i rampelyset. I 1992 kom stykket om bohemen Arne Dybfest. Det vart nærast for eit forskingsprosjekt  rekna. Sandem vart forskar på Universitetsbiblioteket.

´Jakob Sande & Jon Eikemo...trur eg" vart ein formidabel publikumssuksess for Det Norske Teatret i 1993. Vidar Sandem var mannen som sydde saman stykket. Kritikarane vart langt meir brutale etter Dybfest-stykket, men nye ovasjonar møtte Sandem etter dramatiseringa av Hans Hyldbakks liv.

No står forfattaren Nini Roll Anker og målaren Nikolai Astrup for tur. Teaterstykket om Nini Roll Anker skulle ha premiere på Bjørnsonfestivalen i Molde, men har vorte utsett. Astrup-stykket har Sandem nettopp sendt til Den Nationale Scene, førebels utan tilbakemelding.

- Tanken er å bruka Astrups måleri i stykket. Til ulike tider på døgeret måla han dei same motiva på ulik måte. Bileta fortel oss tida, og det gjer stykket scenografisk interessant.

- Du har gjort det til ein spesialitet å plukka fram dei gamle, halvgløymde kunstnarane...


- Det har vorte litt mange av dei, men no er det slutt. Frå no av skal det verta samtidsdramatikk, forsikrar den påtroppande teatersjefen.

H an kjem opphavleg frå Båhus i Trøgstad kommune i ¯stfold. Frå den same kommunen kjem Anne Enger Lahnstein, men spør ein Vidar Sandem om teatersjefen vert bygdas neststørste son, flirer han.

- Høhøhaha... Me har no Rune Rudberg!

Av ein eller annan merkeleg grunn har Trøgstad-namnet fått ein spesiell klang i folkedjupet. Den påtroppande teatersjefen har ofte undra seg på kva som er så morosamt med eit geografisk namn som "Trøgstad". Som dei fleste med lokal tilknyting, synest han godt om bygda ved den vedunderleg vakre innsjøen.

Truleg er det revyane som har skulda. Det er dei som har gjort Trøgstad til noko morosamt. Det byrja etter alt å døme med Gunnar Haugan og Rolv Wesenlund. I programposten "Hørerøret" hadde dei eit fast innslag frå gamleheimen på Trøgstad. Sidan trekte også Dizzie Tunes Trøgstad inn i ein revy.

- Kanskje det rett og slett det fonetiske ved "Trøgstad" som gjer det? undrar Vidar Sandem.

Det var ikkje berre enkelt å koma frå Indre ¯stfold til teaterskulen i 1968. Trøgstad-dialekten var problematisk, og Sandem kjende seg innimellom mobba på grunn av dialekten. Han vart nøydd til å leggja om, slik alle bygdestudentar fekk beskjed om den gongen. I dag er det annleis. Trenden er snudd. Mange, som Jon Eikemo til dømes, har teke melodien i språket med seg inn i teatret...

- Det var neppe det mest naturlege for ein trøgsting å verta skodespelar?


- Nei, det var ikkje det. Eg skjønar ikkje heilt kvifor eg vart det, men eg ville ikkje noko anna. 17 år gammal fekk eg lov til å byrja som sceneteknikar på Det Norske Teatret, og den jobben hadde eg i tre år. Eg fekk læra alle sider av teateret. Den kunnskapen eg fekk med meg er naturlegvis viktig no.

- Kvar kom teaterinteressa frå?


- I barndommen las eg svært mykje, også teaterstykke. Bygdekinoen var det einaste me hadde i bygda, og der viste dei stort sett cowboy-filmar. Sjølv hadde eg ikkje lyst til noko anna enn teater, men kvifor det vart slik, kan eg ikkje forklara. Ingen prøvde å setja ein stogg for den litterære interessa mi, men dei syntest nok ho var merkverdig. Heime var det ingen andre som satsa på teater. Så vidt eg veit er det ikkje andre enn eg frå Indre ¯stfold som driv med teater på dette nivået.

- Du byrja på teaterskulen i 1968, ein sosialdemokrat midt oppi all radikalismen. Korleis gjekk det?


- Det var det verste ein kunne vera den gongen. Som gutunge var eg leiar i AUFs lokallag, og sosialdemokrat er eg framleis. I ein periode var eg dessutan med i Aps Kulturforum. Etter å ha lese Koigi wa Wamweres bok, har eg ikkje fått mindre respekt for dei sosialdemokratiske ideane. Det er heilt feil å seia at kjernen i sosialdemokratiet er keisam.

Vidar Sandem debuterte i den segnomsuste oppsetjinga av "Hår" på Den Nationale Scene i 1970.

- I Bergen vart me nærast for popstjerner å rekna då stykket vart sett opp. Etter å ha vore med på "Hår", kunne ein lett få inntrykk av at skrikande småjenter var ein naturleg del av teatret. For ein debutant var det lett å tenkja seg: Du verda for eit yrke!

- Du hamna midt i smørauget?


- Eg naut det medan det stod på, men kom snøgt ned på jorda. Etter 125 framsyningar som Ulke Rulke i "Taremareby", skjøna eg raskt at røyndommen var ein annan. Teaterlivet er meir småungar som sit og brøler enn ungjenter som står og skrik...

- Men "Hår" i Bergen var hår i suppa for somme?


- Det var svært... Sjølv spelte eg ein homofil som hadde samleie med bilete av Mick Jagger. Det var sterkt på den tida. Frå den engelske instruktøren fekk eg beskjed: Sjå folk på første benkerad rett i augo medan du heldt på! På Torget i Bergen vart det arrangert svære demonstrasjonar mot stykket. Eit forferdeleg torever braka laus over byen under generalprøven. Då skal predikanten Iver Høi skal ha ropt ut til folket: Me er bønhøyrde! Me er bønhøyrde!

- Men om dette er sant, veit eg ikkje. Sjølv fekk eg ein svart kross i posten med små helsingar frå Gud.

- Korleis reagerte du på det?


- All merksemd var god merksemd den gongen. Bergensperioden er noko av det finaste eg har vore med på. Ein var ung, idealistisk og naiv. Alt var fascinerande og viktig. Alt gløda. Framleis prøver ein å henta fram att noko av dette. Tenk om ein kunne ta vare på den entusiasmen og den gleda ved å vera skodespelar!

Musikalen "Hår" vart ein suksess på Den Nationale Scene. Sidan den tid har store musikalar trekt fulle hus på Det Norske Teatret. Og Vidar Sandem ser behovet for musikalane. Musikal-tradisjonen skal halda fram også under den nye teatersjefen. Sjølv vil Sandem prøva å halda seg orientert om det som vert sett opp utanfor landets grenser, og vil gjera seg nytte av all ekspertisen som finst i teatret. Håpet er å få sett opp ein musikal med både norsk tekst og musikk i det første eller andre året i sjefsstolen.

- Elles vil eg reindyrka det nynorske teateret. Eg vil leita etter nynorske klassikarar. Håpet er å få til ei nyskapande dramatisering av Olav Duuns "Menneske og maktene". I denne romanen skriv Duun både om den gryande fascismen og om naturen som er i ferd med å verta øydelagd. Dette er like aktuelle tema i dag. Stormannsgalskapen min seier dessutan at me bør spela "Juvikfolke". Ikkje berre delar av det, men heile verket! Det skal vel godt gjerast, men kanskje bør ein vera litt stormannsgalen innimellom.

Vidar Sandem har planar om å bruka mykje av tida si på å få fram ny nynorsk dramatikk.
: Det Norske Teatret er eit nynorsk prosjekt. Dermed må eg prøva å gjera alt eg kan her på huset til nynorskprosjekt. Der står den nye nynorske dramatikken sentralt, men det finst ikkje så mykje av han. Eg skal prøva å trekkja nye nynorsk-skribentar til huset. Får eg tilbod om eit svært godt stykke på bokmål, må det vera mogeleg å setja det om. Men draumen : det er å få stykka ferdigskrivne på nynorsk.

- Tom Remlov hadde stor suksess med ny norsk dramatikk på Den Nationale Scene?


- Eg vil leggja vekt på ferdigskrivne stykke. Skal ein hjelpa dramatikarar som kjem med halvferdige stykke, vert det eit slit for skodespelarane. Tom Remlov prøvde på det, men eg trur ikkje på den modellen. Idet leseprøvene byrjar, må stykket vera ferdig. Når den tida kjem, vil eg prøva å trekkja folk til teatret som ønskjer å vera her for å læra, seier Sandem.

- Får me tid og sjansar til det, ønskjer eg å forska fram eit teateruttrykk som er spesifikt og originalt. I dag ligg me i ein vesteuropeisk tradisjon både når det gjeld oppsetjingar og spelemåte. Kanskje kan me gjera noko anna?

- Det Norske Teatret skal framleis veksla mellom det folkelege og det avantgardistiske?


- Det Norske er eit teater som skal nå store publikumsgrupper. Samstundes har det heile tida vore eit avantgardeteater som har funne nye dramatikarar og nye former. Denne spennvidda er spennande.

- Teatersjefen har sjanse til å vera einerådig i valet av nye teaterstykke som skal oppførast?


- Eg trur ikkje så mykje på den autoritære leiaren. Leiaren må ta avgjerdene, men eg kjem til å diskutera og vera i nær kontakt med dei eg kan få hjelp frå. Det er mykje ekspertise og store ressursar i dette huset. Det ville vera dumt av meg  gå rundt og seia at eg kan alt. Eg vil heller seia: Lær meg litt! Men dei endelege avgjerdene må eg ta. Det er plikta mi.

- Du får også siste ordet når det gjeld hovudroller. Det kan ikkje vera lett?


- Som alle andre har eg hatt ein vekslande skodespelarkarriere. I periodar har det gått svært flott, men dei gode periodane har vorte brotne av nedturane. Eg kjenner godt til korleis det er å vera i vinden, men eg veit også korleis det er å stå på land. Det er denne delen eg gruar meg mest til. Det er den tøffaste delen av sjefsjobben. I eit teater er det eit visst tal roller, og det er eit visst tal interessante roller. Eg kjem nok til å skuffa svært mange. Målet må vera å gje alle interessante arbeidsoppgåver. Du kan ikkje krevja at folk som ikkje kjenner seg verdsette, hentar fram 150 prosent med entusiasme. Mi oppgåve er å fordela oppgåvene så godt eg kan.

No om dagen spelar Vidar Sandem i Friedrich DŸrrenmatts klassikar frå 50-talet, "Besøk av ei gammal dame". Han er læraren som kjempar for humanismens sanne vesen, men som taper til slutt.

Prøvane til John Steinbecks "Om mus og menn", som skal ha premiere til hausten, er også i gang. Sandem spelar den tilbakeståande Lennie som endar på verst tenkjeleg vis.

- Lennie er kanskje den eg har hatt mest lyst til å spela i svært mange år. Det var nesten uverkeleg å få rolla. Med dette stykket har me ikkje noko val. Me må berre få det til! Steinbeck fortel ei god historie, og eg har tru på gode historier. Du kan laga teater i alle former, du kan eksperimentera, men for at det skal verta kommunikasjon, må du ha noko som du vil fortelja.

´Om mus og menn" er på mange vis ei historie om ein outsider. I Sandems dramatikk går outsiderane ofte att. Det er dei han vil skriva om. Det er dei han aller helst vil spela.

- Eg har nesten ikkje skrive om andre enn outsiderar, om det er nolevande eller døde. Hans Hyldbakk, Jakob Sande, Arne Dybfest og Nikolai Astrup. Alle var dei outsiderar. Også i samtidsdramatikken har eg tatt for meg outsiderane. Eg er fascinert av folk som går utanfor allfarveg. Det kostar mykje. Hans Hyldbakks liv har kosta mykje. Han har ikkje kome lettvint til noko. Han har heller ikkje gjort det lettvint for seg sjølv. Skal ein outsider overleva, må han ha mykje av både vilje og styrke, understrekar den påtroppande teatersjefen.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |